Tilbake

Lavik Torg

Lavik Torg er eit fellesskap av verksemder og butikkar som held til i Lavik Senter like ved E39, 150 meter frå Lavik Ferjekai. Her finn du eit triveleg handelsmiljø og mange flotte varer.

I 2015 feira Lavik Auto Senter 25 år!

Torbjørn Lavik starta opp bensinstasjon og verkstad i eit lite lokale i Lavik sentrum i 1988, og kort tid etter tok dottera Bente-Annita eit års pause frå utdanninga for å hjelpe faren med drifta. Den pausen er ho enno ikkje ferdig med…

I 1990 vart Lavik Auto Senter etablert då Torbjørn og Bente-Annita flytta inn i eit nybygg på staden der bensinstasjonen ligg i dag. Lavik Auto Senter har gjennomgått mange endringar i løpet av dei siste tiåra, og bensinstasjonbygget har husa både frisør og turistinformasjon, men den største endringa kom i 2014 då «nye» Lavik Senter stod klart. Då vart og kokken Ann-Elisabeth, som og er dottera til Torbjørn, med i senteret som ansvarleg for kroa. Svigersønene Galip og Frode er og med på laget i henholdsvis Lavik Dekk Service og Lavik Maskinsenter.

I 2016 lanserte vi konseptet Lavik Torg som eit fellesskap av butikkar og verksemder som held til i Lavik Senter, og vi har ambisjonar om å vere ein naturleg stoppestad både for gjennomgangstrafikk og fastbuande.

Kvamsvegen 121, 6947 Lavik

post@laviktorg.no

laviktorg.no

@laviktorg