Tilbake

Om Lavik

Lavik er ei bygd i Høyanger kommune med omlag 250 innbyggjarar. Bygda har vore og er framleis eit sentralt knutepunkt på Vestlandet med korte avstandar til mellom anna Bergen og Førde. I Lavik finn du ledige tomter og alt du treng for å leve kjekke liv!

Skule og barnehage, butikkar og serveringsstadar, fritidsaktivitetar og opplevingar. Lavik har det meste som gjer kvardagane både praktiske og innhaldsrike, og da kanskje særleg for barnefamiliar. I barnehagen er det ca. 20 born og på skulen ca. 60 elevar, og Lavik er kjent for å vere eit trygt samfunn å vekse opp i med stort samhald og mykje trivsel. På fritida er gjerne skulen eit samlingspunkt for aktivitetar, som ulike typar musikk- og idrettstilbod. Lavik er og kjent for å vere ei korpsbygd, med Lavik skulemusikk som har vunne NM og vaksenkorpset Fjordbrass som har spreidd mykje musikkglede sidan oppstarten i 1997.

På næringslivssida har Lavik og mykje å by på. Det er ingen store dominerande arbeidsplassar i bygda, men mange mindre bedrifter med eit par tilsette som gjerne er drifta av eigarane sjølve. Det har ført til ein gründerkultur der nye idéar og initiativ får rom til å blomstre. Ei positiv tilnærming til næringsaktivitet gjer Lavik til ein ideell stad å starte bedrift, eller til å finne seg ein jobb på ein arbeidsplass fylt med engasjerte kollegaer.

Det største fordelen til Lavik er kanskje plasseringa midt i Vestland fylke. Du finn eit vell av varierte arbeidsplassar ein kort køyretur i alle himmelretningar på stadar som Førde, Høyanger, Dale, Leirvik, Lutelandet og Matre. Og Bergen ligg berre 2 timar i bil unna. Om du er på utkikk etter ein stad «på landet» med fantastisk natur ved Sognefjorden, men likevel ønskjer rask tilgang til meir urbane strøk, vil Lavik vere eit opplagt alternativ.

Velkommen til oss!